Det he vør ei ganske rare vike. Natt til torsdag for over ei vike sia va ej på vakt og kjente at ej bjønte å bli sjuke.. “Best å vere heime på fredag, slik at ej kan jobbe i helga” tenkte ej. Når helga kom låg ej rett ut i senga med dyne og pledd. På søndagen stakk ej på legen for å få ei sjukemelding, sia ej hadde brukt opp egenemeldingsdagane som ifølge NAV sine heimeside va 3 daga. Dama i skranken meinte på at helsearbeidere he fleire daga. Men no va ej no der. Legen lytta og undersøkte og sønst ej hadde litt høg puls og unormalt høgt blodtrykk til å vere mej. Ej fortalte no litt historia med hjertefeil osv, og sia ej va en så ung sprek mann, sønst legen at ej ikkje burde ha disse symptoma og han la mej inn med mistanke om atrieflimmer. Va ikkje det som va min plan den dagen!
Ej tok mej til akuttmottaket på Lovisenberg med buss og blei lagt på hjerteovervåking mens ej veeenta på legen. Ej låg no der og slappa av, men med et hjerte som sprang maraton. Etter ei stund kom han og ej forklarte historia og han ville prøve et medikament for å roe pulsen. Dei 2 første mg funka lite. Når ej fekk dei neste to kjente ej som et lite støt i kroppen. Ingen effekt. Enda 2 til, og det kjentes ut som ej fekk støyt fra et oksegjerde i ryggen! Va skikkli ubehagli. Det hadde heller ingen særlig effekt. So legen visste igrunn ikkje nakke meir rå, so etter å ha fått 1000 ml Ringer rett i blodet tok ej sjukmeldingspapira, fann en buss og for heim.
Mandagen kom og helsa blei kanskje litt bedre. Men med stadig høg puls, blei ej gående litt å attlete. Tirsdagen blei verre, med dårli fokus, høg puls, svimmelhet, verk i haud og kropp. Etter en kaffi la me na Kai Henrik på ettermiddagen fann ej vein tilbake til legevakta. Etter mange timers venting og undersøkelse av lege, bar det tilbake til Lovisenberg!
Tida gjekk og etter at legen hadde vør der, blei ej lagt inn. Skulle berre få en veneflon for å sette igang litt saltvatn, før ej blei trilla opp på hjerteposten. Men ej va’kje so lett å stikke på! Etter at to stykke hadde prøvd sej, tilkalte dei en anestesi-sykepleier som ordna biffen.
Vel framme på post i 2-tia blei ej kobla til telemetri, hjerteovervåking, og skulle endelig få søve litt :) Onsdagen kom og først kom en sykepleier inn og sa at ho va min sykepleier i dag og tok målinga. Etter ei stund kom ei anna inn og sa at ho va min sjukepleier i dag og spurte om ej kunne flytte på gangen sia ej kanskje skulle reise. Jada, greit det. Så kom en tredje sjuekpleier, ho som gikk visitt og spurte litt om forma. Og etterkvart på kom legen. Dei ville ta en ultralyd ta hjertet, eller ecco cor, som det heite på fagspråket. Men det skjedde ikkje meir den dagen. På kvelden kom han far ned, so han he vør her nokre daga :D Veldig godt å ha han her! Torsdag va det vel berre ultralyden som blei tatt, og den var fin, ikkje nakke særli å anmerke. Flott, hjertet e så i orden som det kan bli! Då va neste punkt på programmet MR for å sjekke haude, men det vakje før på fredag.
MR-maskina e stor og bråka veldi. Det ekje nakke for en person med klaus! Litt over midtveis i undersøkelsen skulle ej få litt kontrast intravenøst. “Gir den kvalme?” Spør ej eine radiografen der ej ligge inne i trommeneln. “neida”. “Ok, men ej må kaste opp!” Han rykte mej ut så ej fekk satt mej opp og sa “Vent litt..” Brekninga lot heldigvis vente på sej til ei dame kom springende med et pussbekken, og heldigvis kom det ikkje nakke opp..”Det er nok psykisk. Jeg skal stå her inne med deg siste 10-minuttene”. Haude va også fint og viste ikkje nakke gale.
Hmm…ka no? Etter litt diskusjon, litt nevrologiske undersøkelsa og litt meir diskusjon, blei det bestemt at dei skulle ta ei prøve av spinalvæska. Ej blei beordra i fosterstilling og blei bedøvd nederst i ryggrada.. Kan sei at det va bedøvelsen som va verst.
No ligge ej no her da, men svimmelhet, jevnt høge puls, haudverk som e stilna av Ibux og Paracet og litt sann nedsatt form.. uten at nakke e gale. Jiiiha! Fær berre sjå ka legen sei i mørga. Tæke en dag ta gongen og håpa ikkje for mykje på utreise for å ikkje bli skuffa. Men vil ut no…ut i morga. Ja, tenke det. Sikkert.
Tusen takk til dokke so he vør på besøk, tusen takk for alle “god-bedring-helsingane” og ikkje minst for alle bønnene!!
Fær ta det her som ei erfaring om korleis det e å vere pasient. No kan ej klarere sjå pasientane sin situasjon får deira side :)